Jeg har allerede skrevet et innlegg om norsk som andrespråk, men siden dette er et tema som opptar meg, så velger å skrive et eget innlegg om flerkulturell litteratur.
![]() |
| manga av kaleidoscopestars,tilgjengelig under Attribution-NonCommercial-ShareAlike 2.0 Generic |
Etter forelesinga om fleirkulturell litteratur, og arbeidet med Forberedelsen av Roda Ahmed, sit eg att med mange forskjellige tankar. For å gå rett på sak, eg tykkjer dette er vanskeleg! Altså, eg synest ikkje fleirkulturell litteratur som sjanger er vanskeleg. Eg hengjer med på definisjonen av kva fleirkulturell litteratur er for noko. Eg ser også verdien av denne typen litteratur, og eg tykkjer at den har ein sjølvsagd plass i klasserommet. Strand (2009) skriv at denne typen litteratur kan gje minoritetselevar eit møte med eit kjend univers, og det kan gje etnisk norske born kunnskapar om andre land. Altså, både stadfesting og utviding av perspektiv. Ja takk til begge delar. Likevel synest eg altså at dette er vanskeleg.
La meg byrje med å seie at eg tykte at Forberedelsen var ei god bok. Eg er likevel ikkje heilt sikker på om eg ville ha bruka boka i eit klasserom, eller korleis eg i så fall ville ha bruka den. Det handlar ikkje om kvaliteten på boka. Kvaliteten er god nok. Men så var det dette med tema da. For her ligg kjernen i det eg tykkjer er vanskeleg. På ei side, dei tema boka tek for seg, som også andre bøker tek opp, er reelle. Problem rundt det å stå med føtene planta i to forskjellige kulturar, krasj mellom forventningar frå foreldra og samfunnet rundt ein, problematikken rundt arrangerte ekteskap, og kvinnerolla, er aktuelle tema. Ikkje berre det, det kan vere problem som elevar i klassen opplever sjølve. Da kan det å jobbe med bøker som omhandlar desse tema vere viktig. Eg vil ikkje vere den læraren som er redd for å snakke om vanskelege ting, eller som i eit misforstått anfall av “politisk korrektheit” unngår å setje søkjelys på noko som kan vere viktig for elevane. Men så var det dette med den vanskelege balansen da.
Problemet, for min del, ligg ein stad i skjeringspunktet mellom å tørre å ta opp desse tema, og frykta for å bidra til og halde ved lag fordommar og stereotypar. For det er ikkje noko betre enn å vere redd for å snakke om desse tinga. Forberedelsen tek utgangspunkt i det somaliske miljøet. Det er det fleire bøker som gjer, nokon meir kritiske enn andre. Forberedelsen er vel ei av dei «snille» bøkene, i den forstand at Ahmed klarar å få fram dei varme følelsane mellom familiemedlemmene. Men, det er også slik, at somaliarar er ei gruppe som er utsett for ein ganske massiv kritikk frå alle baugar og kantar. At det er utfordringar i nettopp det somaliske miljøet er ein ting, men i ein slik polarisering av samfunnsdebatten, så er det lett for at individa blir borte, mens gruppa blir “alt”. Eg kjenner ei ung somalisk kvinne. Både ho og familien er veldig forskjellig frå det bilete som har blitt skapa av somaliarane. På grunn av alle fordommane mot somaliarar, har ho heilt slutta å seie at ho er somalisk. Om nokon spør, så seier ho at ho kjem frå Eritrea. Det er ei trist utvikling. Det er heller ikkje noko eg som lærar vil vere med på å byggje opp under.
Så, da blir det store spørsmålet, korleis skal vi som lærarar klare å finne balansen mellom ytterpunkta? Korleis kan vi ta opp dei viktige tema, men gjere det på ein måte som ikkje fungerer som bensin på fordomsbålet? Eg har ikkje funne svaret. Hadde eg hatt svaret, så hadde eg vel ikkje synest at dette er vanskeleg. Det eg kan seie, er at eg trur at bruken av slike bøker krev litt av både oss lærarar og av elevane. Eg trur at vi som lærarar må vere reflekterte i forhold til kva for nokre bøker vi brukar. Eg trur også at vi må klare å sjå bøkene og tema frå fleire vinklar. Samtidig tykkjer eg at det er viktig at vi lagar gode, nyanserte opplegg til slike bøker. Elevgruppa er også viktig. Er dette ei gruppe kor elevane er modne nok til å kunne jobbe med ei slik bok, utan å fordele kollektiv skuld? Eller dømme alle medlemmer av ei gruppe? Er vi som lærarar modne nok til å klare det? Medan eg ventar på at nokon skal kome med ein fasit på dette, så trur eg at vi som lærarar kjem langt med å vere reflekterte og medvetne. Dette er bøker som kanskje krev litt meir av oss. Det trur eg det er greitt å vere klar over.
Litteratur:
Strand 2009. Litteratur i det flerkulturelle kalsserommet. Mangfold, migrasjon og muligheter. Universitetsforlaget. Oslo.


